Forside

Om oss

Tradisjoner

Om urter

Sortiment

Kontakt
Kryddergarden, Bryne,   Tlf: 51421484,   Fax:51421582, Mob:90759381
E-post: Kryddergarden@hotmail.com

Tradisjonar









Tradisjonar for god matkvalitet

Det driftige landbruket på Jæren har lange tradisjonar i å tenka nytt. Oppfinnsame og uredde bønder har teke ryggtak med utfordringar dei fleste ville sett som umoglege. Slik Jæren såg ut frå gammalt av, men myrer og stein, var det vel knappast nokon som ville sagt at området var meint for jordbruk.

I dag er Jæren og Rogaland det viktigaste matfatet i landet, men konkurranse frå utlandet ligg som trugande, mørke skyer i horisonten. Då er det godt å vita at ei lang rekke lokale råvareprodusentar er i ferd med å skaffa seg eit forsprang.

Det jærske kjøkken er tufta på lokale råvarer og reine smakar. Med trygg forankring i jærske mattradisjonar, men samstundes med blikket, og oppskriftene, retta mot bevisste kundar med høge krav til kvalitet og særpreg.

Kjernen, eller indrefileten, i Det jærske kjøkken er det gode samarbeidet mellom lokale råvareprodusentar og eit kreativt, høgkompetent kokkemiljø ved Jæren Hotell. Samt ei urokkeleg tru på dei gode verdiane Jæren har å by på.

Med smakslaukane retta utover skal me foredla det jærske. Impulsar frå andre land har me henta før. Både i industrien og landbruket. I dag reiser dei fleste av oss mykje og me er vane med internasjonale og eksotiske smakar. Framandord som pesto, sushi, taco og tapas er etter kvart ein del av daglegtalen. Ved å henta det beste frå utlandet vil me og framheva dei jærske smakane på nye og spennande vis, samstundes som me utviklar vårt særpreg i tråd med jærbuen, og folk flest, sine aukande forventningar til matopplevingar. Det jærske kjøkken vil alltid vera rotekte jærsk gjennom dei gode, lokale råvarene og det at me i tråd med jærsk nøysemd klokeleg nyttar ressursane godt.

Det me vil ta vare på, må me endra.